onsdag 9. februar 2011

2011

Hei og godt nyttår!
Eg tenke heile tida at no skal eg bli flink til å oppdatere her.. Mest for mi eiga skuld egentlig, for eg tykkjer det er kjekt å sjå tilbake på kva eg har skreve tidlegare. Ser at 2009 var "bloggåret" mitt.. Då hadde eg 28 innlegg, mot 3 i 2010, ikkje bra nok! Hehe.. No tenkjer eg at 2011 skal bli betre.. Meeen, ikkje ha for høge forventningar då! :p Eg hadde ei fantastisk fin jul, med mange fine folk, og mykje finfin snø! Og no er det plutseleg februar. Vi er ferdige med forelesningar i eit fag og har levert inn to heimeeksamenar i det. Muntlig eksamen skulle eg ha hatt i går, men, eg vart jo sjølvsagt sjuk, og blei nøydd til å utsettje den! :( Så når eg skal ha den veit eg ikkje.. Er på bedringens veg no då, så i dag tenkte eg at eg skulle vaske litt hus :) Har mykje innestengt engergi etter å ha lege i senga i 3 dagar! Hehe.. På fredag skal eg på Kaizers Orchestra konsert, noko eg ser veldig mykje fram til!! :D Ellers kjem eg ikkje på så mykje nytt å skrive akkurat no.. Bilder får eg laste opp seinare, då dette her berre er ein dårleg unnskyldning for å utsette husvasken litt til! Fram med musikken, hanskane og støvkluten og i aksjon!! Ha ein fin dag <3