måndag 29. november 2010

Morgonstund

God morgon! Klokka er grytidleg, og eg drikk te :) Fin start på dagen.. Skal ikkje på skulen før 12.30, så har ein lang morgon, det er fint. I dag skal eg levere ein heimeeksamen, gjere ferdig ein gruppeeksamen som skal leverast i morgon, så skal eg byrje på den siste, som skal leverast 6. desember. Det skal bli SO godt med ferie. No er eg sliten. Forrige veke hadde eg ny rekord med antall timar på skulen, det er eg sikker på!! På torsdag for eksempel, var eg på skulen frå 08.00 til 23.00! Det er mange timar. I alle fall for meg.. Mi soveromsdør, med mine kalendarpakkar på :) Ellers er det ikkje så mykje anna som skjer. Det er skule og jobb.. Og snart ferie, som sagt.. Gler meg til å reise heim! :D Snart er det forresten også første desember, då skal eg og Bergitte bynne å åpne julekalandaren vår, det vert kjekt! :) Bergitte si soveromsdør, med hennas kalendarpakkar på :) Ha ei fin førjulstid, viss du skulle finne på å lese detta! :)

fredag 19. november 2010

Ein gang i halvåret?

Hallohallo!! Det ser ut som ein gang i halvåret passar meg bra.. Då blir det jo ikkje så mykje å lese heller.. :p Leander kosa seg me besta sin potetsalat! Mykje nytt som har skjedd sidan sist no og må eg seie. Eg går ikkje lenger på bachelor, den var eg ferdig med i vår! Eg fekk til og med A på bacheloroppgåva mi, som handla om Balestrand og bærekraftig reiseliv :) Svært nøgd med det vil eg seie. No har eg byrja på master. Master in international hotel and tourism management. Fortsatt her i Stavanger. Fått ein ny klasse, masse kjekke, intressante og koslege folk frå omlag heile verda. Master er hardt og vanskeleg, eg har nok tatt meg litt "vatn øve hove", men eg skal klare å komme gjennom det. Eg tenke at eg burde vel ha hatt eit friår. Det har jo gått i eit sidan barneskulen... Merkar eg er litt lei kan du sei.. Jaja.. Men det er kjekt likevel :) E berre litt mykje akkurat no; 3 heimeeksamenar på to veker!! Men då e det juleferie. Gleda meg myykje til 6. desember!! Noko anna nytt er at eg har flytta.. No bur eg på Kampen, i ein søt, liten leilegheit med Bergitte :) Vi kosa oss vi! Har laga julekalendar til kvarandre og alt.. Annakvar dag får vi kvar vår pakke, koseleg :) Eit bilde fra Rått og Råde festivalen, som va heeeeilt fantastisk!! (Karoline og Bergitte) Ellers er det skule kvar dag, jobbing kvar helg, og fest når det er tid og råd :) I Tysvær har eg ikkje fått vore på lenge :( Har ikkje tid! Men satsa på at det kan gå etter 6. desember :) Leander har blitt stor, stor gutt! No seier han bil, traktor, båt, fly, der, mamma, pappa, nanna (tante) og mykje anna rart. Han er flink til å leike, og lage dyrelydar. Han er observant, får med seg ting som skjer og er ellers stort sett blid og smilande :) Gler meg til å reise heim til jul til han! :) Godgutten!!! :D Leander og besten ordna oppvaskemasking! Viktig å hjelpe til! :) No skal eg på skulen og skrive litt vitenskapsteori, so ha ein fin dag! (Skrivast vel om eit halvt års tid ;) ) Nybada Leander på fanget til tanta:)

laurdag 27. februar 2010

Oppdatering

Hei igjen, og takk for sist! Det e jo berre ca. eit halvt år sia.. Eg hadde visst glømt at eg hadde blogg, men plutslig so kom eg jo på da igjen no.. Men da e sikkert fordi eg e sjuk. For det e tydligvis då eg pleie skrive.. Eg e tett og tung i hove og resten av kroppen, og har feber.. Kjempe greier. Sia sist so har eg fått meg jobb på Essoen her eg bur. Kjempe jobb, med masse kjekke kollegaer. Skulle vert på jobb i dag, men ejo sjuk.. :/ Jaja.. Ellers har eg hatt ein fantastisk haust i Stavanger, med Bergitte! :) Og so hadde eg ein fantastisk fin juleferie heime, med mamma, pappa, Olav, Merete og min kjære, fantastiske, fine, lille Leander <3 Han har blitt stor og fin og har fyllt eit år allerede. Han går, dansa, smila, ler, ser på tv, ser etter bilar, klappar og snakkar! Han har bynt i barnehagen, og det går jo bra. Han er rett og slett nydeleg, og eg saknar han når eg er her i Stavanger.. Men no er det snart påskeferie :) So då har eg tenkt meg heim ein tur :) Forrige helg hadde eg og Bergitte besøk av Kamilla. Det var ei utrulig kjekk og morsom helg. To fantastiske kveldar, med prat, god mat og drikke, bowling, uteplassar og artige nachspel! :) Marielle har også vore på besøk, noko som var utruleg koslig. Ser ho så altfor sjelden, dei andre i Tysvær og! :( Men etter eg bynte å jobbe, so blei det plutslig masse jobb og ikkje frihelger.. Men no skal eg prøve å få reiste dit før påske! :) Savna dei jo! :( Ellers er det vel ikkje mykje nytt trur eg..