onsdag 22. februar 2012

Eit år..

2011 vart tydlegvis ikkje slik eg hadde tenkt det skulle bli, så no tenkjer eg at eg ikkje skal påstå noko om kor ofte eg har tenkt å blogge. Det var berre det at for nokre dagar sidan fekk eg eit innfall om at no vil eg blogge igjen, så då gjer eg det.
Eg har starta eit nytt og betre liv (Iallefall for ein periode)! I forrige veke fekk eg magevirus, smertene varte ikkje så lenge, men energien og matlysta lot vente på seg. Etter tre dagar utan særleg inntak av mat, stod den fjerde for tur. Eg skulle på jobb, og fann ut at mat var eg jo nøydd å få i meg. Det einaste eg fekk lyst på, var pannekaker. Så då laga eg pannekaker til frukost/lunsj/middag eller kva ein no skal kalle dagens første (og einaste) måltid, som vart ete sånn ca. mellom lunsj og middagstider. Dagen etter fann eg ut at eg skulle lage heimelaga pizza til middag, så då gjorde eg det. I går laga eg fiskebollar i kvit saus, for første gong i mitt liv. Det var for så vidt første gongen eg laga kvit saus også, og første gong eg laga saus (frå botnen av) sidan eg flytta heimanifrå. No lagar eg raspeballar til middag i dag.
No kan vel nokon spørje seg; "Var det ikkje eit nytt og betre liv ho skulle fortelje om?" Jo, det var det. Men dette er det nye og betre livet. 2012 så langt har nemleg stort sett bestått av å ete mat andre har laga, og med andre meinar eg folk som får betalt for å gjere det, altså ute. Eller sers enkel mat, som lagar seg sjølv, type grandiosa, eller ein siste favoritt; brødmat! Det nye og betre livet består altså i å lage mat sjølv, heime, på kjøkkenet. Eg likar det foreløbig, og noko seier meg at Bergitte heller ikkje har problem med dette :)
Ellers, når eg ikkje lagar mat, eller er på jobb, eller søv for den del.. Prøve eg å skrive masteroppgåve.. Det er ikkje det enklaste her i verden, MEN, det ordnar seg alltid for snille piker, så min strategi er å fortsettja å vera snill!

onsdag 9. februar 2011

2011

Hei og godt nyttår!
Eg tenke heile tida at no skal eg bli flink til å oppdatere her.. Mest for mi eiga skuld egentlig, for eg tykkjer det er kjekt å sjå tilbake på kva eg har skreve tidlegare. Ser at 2009 var "bloggåret" mitt.. Då hadde eg 28 innlegg, mot 3 i 2010, ikkje bra nok! Hehe.. No tenkjer eg at 2011 skal bli betre.. Meeen, ikkje ha for høge forventningar då! :p Eg hadde ei fantastisk fin jul, med mange fine folk, og mykje finfin snø! Og no er det plutseleg februar. Vi er ferdige med forelesningar i eit fag og har levert inn to heimeeksamenar i det. Muntlig eksamen skulle eg ha hatt i går, men, eg vart jo sjølvsagt sjuk, og blei nøydd til å utsettje den! :( Så når eg skal ha den veit eg ikkje.. Er på bedringens veg no då, så i dag tenkte eg at eg skulle vaske litt hus :) Har mykje innestengt engergi etter å ha lege i senga i 3 dagar! Hehe.. På fredag skal eg på Kaizers Orchestra konsert, noko eg ser veldig mykje fram til!! :D Ellers kjem eg ikkje på så mykje nytt å skrive akkurat no.. Bilder får eg laste opp seinare, då dette her berre er ein dårleg unnskyldning for å utsette husvasken litt til! Fram med musikken, hanskane og støvkluten og i aksjon!! Ha ein fin dag <3

måndag 29. november 2010

Morgonstund

God morgon! Klokka er grytidleg, og eg drikk te :) Fin start på dagen.. Skal ikkje på skulen før 12.30, så har ein lang morgon, det er fint. I dag skal eg levere ein heimeeksamen, gjere ferdig ein gruppeeksamen som skal leverast i morgon, så skal eg byrje på den siste, som skal leverast 6. desember. Det skal bli SO godt med ferie. No er eg sliten. Forrige veke hadde eg ny rekord med antall timar på skulen, det er eg sikker på!! På torsdag for eksempel, var eg på skulen frå 08.00 til 23.00! Det er mange timar. I alle fall for meg.. Mi soveromsdør, med mine kalendarpakkar på :) Ellers er det ikkje så mykje anna som skjer. Det er skule og jobb.. Og snart ferie, som sagt.. Gler meg til å reise heim! :D Snart er det forresten også første desember, då skal eg og Bergitte bynne å åpne julekalandaren vår, det vert kjekt! :) Bergitte si soveromsdør, med hennas kalendarpakkar på :) Ha ei fin førjulstid, viss du skulle finne på å lese detta! :)

fredag 19. november 2010

Ein gang i halvåret?

Hallohallo!! Det ser ut som ein gang i halvåret passar meg bra.. Då blir det jo ikkje så mykje å lese heller.. :p Leander kosa seg me besta sin potetsalat! Mykje nytt som har skjedd sidan sist no og må eg seie. Eg går ikkje lenger på bachelor, den var eg ferdig med i vår! Eg fekk til og med A på bacheloroppgåva mi, som handla om Balestrand og bærekraftig reiseliv :) Svært nøgd med det vil eg seie. No har eg byrja på master. Master in international hotel and tourism management. Fortsatt her i Stavanger. Fått ein ny klasse, masse kjekke, intressante og koslege folk frå omlag heile verda. Master er hardt og vanskeleg, eg har nok tatt meg litt "vatn øve hove", men eg skal klare å komme gjennom det. Eg tenke at eg burde vel ha hatt eit friår. Det har jo gått i eit sidan barneskulen... Merkar eg er litt lei kan du sei.. Jaja.. Men det er kjekt likevel :) E berre litt mykje akkurat no; 3 heimeeksamenar på to veker!! Men då e det juleferie. Gleda meg myykje til 6. desember!! Noko anna nytt er at eg har flytta.. No bur eg på Kampen, i ein søt, liten leilegheit med Bergitte :) Vi kosa oss vi! Har laga julekalendar til kvarandre og alt.. Annakvar dag får vi kvar vår pakke, koseleg :) Eit bilde fra Rått og Råde festivalen, som va heeeeilt fantastisk!! (Karoline og Bergitte) Ellers er det skule kvar dag, jobbing kvar helg, og fest når det er tid og råd :) I Tysvær har eg ikkje fått vore på lenge :( Har ikkje tid! Men satsa på at det kan gå etter 6. desember :) Leander har blitt stor, stor gutt! No seier han bil, traktor, båt, fly, der, mamma, pappa, nanna (tante) og mykje anna rart. Han er flink til å leike, og lage dyrelydar. Han er observant, får med seg ting som skjer og er ellers stort sett blid og smilande :) Gler meg til å reise heim til jul til han! :) Godgutten!!! :D Leander og besten ordna oppvaskemasking! Viktig å hjelpe til! :) No skal eg på skulen og skrive litt vitenskapsteori, so ha ein fin dag! (Skrivast vel om eit halvt års tid ;) ) Nybada Leander på fanget til tanta:)

laurdag 27. februar 2010

Oppdatering

Hei igjen, og takk for sist! Det e jo berre ca. eit halvt år sia.. Eg hadde visst glømt at eg hadde blogg, men plutslig so kom eg jo på da igjen no.. Men da e sikkert fordi eg e sjuk. For det e tydligvis då eg pleie skrive.. Eg e tett og tung i hove og resten av kroppen, og har feber.. Kjempe greier. Sia sist so har eg fått meg jobb på Essoen her eg bur. Kjempe jobb, med masse kjekke kollegaer. Skulle vert på jobb i dag, men ejo sjuk.. :/ Jaja.. Ellers har eg hatt ein fantastisk haust i Stavanger, med Bergitte! :) Og so hadde eg ein fantastisk fin juleferie heime, med mamma, pappa, Olav, Merete og min kjære, fantastiske, fine, lille Leander <3 Han har blitt stor og fin og har fyllt eit år allerede. Han går, dansa, smila, ler, ser på tv, ser etter bilar, klappar og snakkar! Han har bynt i barnehagen, og det går jo bra. Han er rett og slett nydeleg, og eg saknar han når eg er her i Stavanger.. Men no er det snart påskeferie :) So då har eg tenkt meg heim ein tur :) Forrige helg hadde eg og Bergitte besøk av Kamilla. Det var ei utrulig kjekk og morsom helg. To fantastiske kveldar, med prat, god mat og drikke, bowling, uteplassar og artige nachspel! :) Marielle har også vore på besøk, noko som var utruleg koslig. Ser ho så altfor sjelden, dei andre i Tysvær og! :( Men etter eg bynte å jobbe, so blei det plutslig masse jobb og ikkje frihelger.. Men no skal eg prøve å få reiste dit før påske! :) Savna dei jo! :( Ellers er det vel ikkje mykje nytt trur eg..

måndag 31. august 2009

Sjuk... Igjen! :(

Hei hopp og takk for sist! Jadda, eg e jo sjølsagt sjuk... Igjen... Og ikkje med på lederlaben tingen som skulle ve denna veka... Eg og 20 andre i klassen skulle ve på ølberget fra i dag til fredag, uten å reise noken plass! Det skulle være kjekt og lærerikt.. Men, her ligge eg! :( Jaja.. :( Men ellers so ha eg våre på Alan Jackson konsert i bergen :D FANTASTISK, sjøl om da va litt vått.. Og eg har komt meg tilbake til Stavanger.. Og her bur Bergitte hos meg for tida.. :D Ho sku jo enkli te Bergen, men no e ho her istan for! :D Det er kjekt, jaffal når ho er sjuk og Bergitte lagar mat og skjenka meg eplejus :) Ellers er livet leveleg i Stavanger, det regna, bles og står i.. Hurra! Men, ja, nei.. Veitsj...

onsdag 5. august 2009

Sjuk..

God morgon! No er eg sjuk! Men, på bedringens veg! Trur aldri eg ha vore so dårlig før! Halsen ha vå heilt tett, hove har donka og i natt hadde eg slik øyreverk at eg hadde lyst å kappe av meg foten me motorsag, for å minske øyresmerten! :P Jaja, eg overlevde no denna natta og, Hurra! Meeeen, eg e isolert då, for legane e teite og ha ca. bestemt seg for at da e svineinfluensa eg ha! Eg tvila! Svineinfluensaen e mild, og det eg ha hatt e ikkje mildt! Eg ha meir tru på halsbetennelse elle øyrebetennelse elle eit lanna! Teite legedama vil ikkje undersøke meg, ho har svinepestangst! Jaja... :P Poenget e at eg kjeda meg, so eg tenkte eg kunne laste opp noken bilde :D Bilda e fra countryen, og eit av Leander :) Ska laste opp noken fra leiren og, men da blir nok i eit nytt innlegg :) No ser eg at alle bilda frå Breim, bortsett frå eit har Hildny på seg! Bra greie! Ho e nok dan som e mest fotogen ette alt for mykje drikke og lite søvn! :P Legg merke til kor lyst da, da e tidlig på morgonen dessa bilda er tekne! :D Noken e tekne rett før nachspel, og noken e tekne på nachspel.. Nachspelet va i bilen velåmerka! :D

torsdag 30. juli 2009

Svineinfluensa på Breim!

Leiren, som eg har gleda meg til i tre år, gjekk ikkje akkurat som planlagt! Eg reiste opp mandag 20. juli og jobba i tre dagar for å få ting på plass, onsdag 22. kom leirdeltakarane. Vi hadde ein fin opning, og miljøtorget vart bra. Vi fekk kontroll og system, og livet inne i miljøtorgteltet var kjempe bra. Folk sang, smilte, skreik og dansa! Alt gjekk som det skulle etter litt startvanskar. Torsdag hadde vi "bli - kjent" dag, og dette vart vellykka. Eg hadde to grupper, som begge såg ut til å være fornøgd når dei var ferdige! Torsdag kveld var det ein trubadur som kom å spelte, han var kjempe flink og folk sang og dansa og såg ut til å storkose seg. Fredag var det klart for at alle skulle ut i kommunane, alle reiste med buss rundt omkring til heile fylket. Det var nokon som ikkje hadde fått kommuneplass, som derfor skulle på shopping i førde før dei skulle til mo for å gå mostien. Eg hjalp då til med aktivitetsstien der. Det vart ein våt fornøyelse, eg sto ute i regnet og dømte kreativitet og smisk frå klokka 17.00 til 21.30. Vått, kaldt og kjempe kjekt! Rett før vi reiste frå Mo fekk vi beskjed om at vi hadde fått svinepesten i leiren. Vi køyrde tilbake til Breim, vi hadde infomøte og stemninga vart heller laber. Det var store avisoppslag med ein gong, og fotografar som prøvde å trenge seg inn på området. Eg gjekk tidleg til sengs og våkna opp lørdag morgon til melding om at leiren skulle avviklast!! :( Eg viste ikkje kor eg skulle gjere av meg. Eg sto i butikken og ekspederte den ca. heile dagen, det var igrunn ganske kjekt. Folk frå Sogn og Fjordane begynte å reise heim allereie laurdagen, og utover ettermiddagen og kvelden reiste fleire. Laurdagsnatta vart "siste natta". Stemninga i miljøtorget var på topp!! :D Kjempe kjekt! Iløpet av søndagen reiste dei fleste. Det var berre FInland og internasjonal att natt til mandag. Men vi laga liv for dei og vi, heile natta dansa og sang dei karaoke i miljøtorget. KLokka 08.00 vinka vi farvel til siste bussen med leirdeltakara på Breim. Vi sov eit par timar, før vi måtte opp å rydde ned og pakke sammen tidenes kortaste leir!! Mandag kveld reiste eg heim, to dagar før leiren skulle vert avslutta! 4 dagar før eg hadde tenkt meg heim :( Men, slik er det, det er ikkje noko vi kan gjere med det, vi gjorde så godt vi kunne. Vi takla da på best mulig måte tenkjer eg, og folk var nøgde med det dei fekk, og lei seg for at dei måtte reise heim! No har eg vore i karantene i tre dagar, og erklærar meg sjølv frisk no! Bildene har eg ikkje fått lagt inn på datan enda, så dei lyt vente på seg... Vi skrivast ein anna gang, og forhåpentlegvis er eg i betre humør då.. For akkurat no, er alt berre trist og leit igrunn! :( -Mariann-

onsdag 8. juli 2009

Morgonstund..

Hei igjen! No sitte eg her med kaffikoppen i handa.. Fann ut at eg sku stå "tidlig" opp i dag.. Deilig å nyte morningen i berre nattkle.. I dag ska eg legge inn bilde på datan, so sjå litt sex og singelliv, so kanskje spele litt volleyball, før eg skal på jobb i 24 timar frå 15.00 til 15.00. I går gjekk eg på mastene ein tur, og på fredag gjekk eg ned sværaskaret.. Deilig å gå i fjellet :) Lørdag skal eg til Breim på countryfestivalen, eg gler meg!! (Utsikten fra toppen av sværaskaret) (Utsikten fra mastene) (Jonsokbål) (Leander og pappa/besten) (Godgutten :D ) No e da kaffi og aftenposten innsikt ute i sola... Vi skrivast, når du minst anar det...

onsdag 24. juni 2009

Midtsommar...

Hei igjen!
No har eg hatt to dagar fri! Det beste med jobb, er å ha fri <3>
I dag ha da vå jonsokafta.. Vi har grilla, hatt eit stort bål og spelt volleyball, kjempe kjekt :) Koslig kveld med kjekke folk.
E da forresten midtsommar? Eg ekje kommen halvveges endå for å sei da slik! Håneidu!! Eg har mykje i vente endå før denna sommaren e halvveges!!
Olav, Merete, Leander og familien te Merete e i Danmark.. Dei har det visst bra, men eg sakna dei. Dei ha vore vekke i ei veke, og kjem ikkje heim før mandag!!! I tilegg har Anne reist på ferie, og Katrine er på sjukehuset og operera.. Alle berre reise frå meg! Men snart e dei tilbake heldigvis :) Eg gleda meg!
Og no gler eg meg og veeeeldig til nordisk leir på Breim, ekje lenge atte no :D Og øve 1600 påmeldte, detta verte stooor stas! :D
Gler meg og veeeeeldig te Alan jackson konsert 15. august! DA BLI SO BRAAAA!!! :D:D:D:D