onsdag 22. februar 2012

Eit år..

2011 vart tydlegvis ikkje slik eg hadde tenkt det skulle bli, så no tenkjer eg at eg ikkje skal påstå noko om kor ofte eg har tenkt å blogge. Det var berre det at for nokre dagar sidan fekk eg eit innfall om at no vil eg blogge igjen, så då gjer eg det.
Eg har starta eit nytt og betre liv (Iallefall for ein periode)! I forrige veke fekk eg magevirus, smertene varte ikkje så lenge, men energien og matlysta lot vente på seg. Etter tre dagar utan særleg inntak av mat, stod den fjerde for tur. Eg skulle på jobb, og fann ut at mat var eg jo nøydd å få i meg. Det einaste eg fekk lyst på, var pannekaker. Så då laga eg pannekaker til frukost/lunsj/middag eller kva ein no skal kalle dagens første (og einaste) måltid, som vart ete sånn ca. mellom lunsj og middagstider. Dagen etter fann eg ut at eg skulle lage heimelaga pizza til middag, så då gjorde eg det. I går laga eg fiskebollar i kvit saus, for første gong i mitt liv. Det var for så vidt første gongen eg laga kvit saus også, og første gong eg laga saus (frå botnen av) sidan eg flytta heimanifrå. No lagar eg raspeballar til middag i dag.
No kan vel nokon spørje seg; "Var det ikkje eit nytt og betre liv ho skulle fortelje om?" Jo, det var det. Men dette er det nye og betre livet. 2012 så langt har nemleg stort sett bestått av å ete mat andre har laga, og med andre meinar eg folk som får betalt for å gjere det, altså ute. Eller sers enkel mat, som lagar seg sjølv, type grandiosa, eller ein siste favoritt; brødmat! Det nye og betre livet består altså i å lage mat sjølv, heime, på kjøkkenet. Eg likar det foreløbig, og noko seier meg at Bergitte heller ikkje har problem med dette :)
Ellers, når eg ikkje lagar mat, eller er på jobb, eller søv for den del.. Prøve eg å skrive masteroppgåve.. Det er ikkje det enklaste her i verden, MEN, det ordnar seg alltid for snille piker, så min strategi er å fortsettja å vera snill!

Ingen kommentarer: