torsdag 30. juli 2009

Svineinfluensa på Breim!

Leiren, som eg har gleda meg til i tre år, gjekk ikkje akkurat som planlagt! Eg reiste opp mandag 20. juli og jobba i tre dagar for å få ting på plass, onsdag 22. kom leirdeltakarane. Vi hadde ein fin opning, og miljøtorget vart bra. Vi fekk kontroll og system, og livet inne i miljøtorgteltet var kjempe bra. Folk sang, smilte, skreik og dansa! Alt gjekk som det skulle etter litt startvanskar. Torsdag hadde vi "bli - kjent" dag, og dette vart vellykka. Eg hadde to grupper, som begge såg ut til å være fornøgd når dei var ferdige! Torsdag kveld var det ein trubadur som kom å spelte, han var kjempe flink og folk sang og dansa og såg ut til å storkose seg. Fredag var det klart for at alle skulle ut i kommunane, alle reiste med buss rundt omkring til heile fylket. Det var nokon som ikkje hadde fått kommuneplass, som derfor skulle på shopping i førde før dei skulle til mo for å gå mostien. Eg hjalp då til med aktivitetsstien der. Det vart ein våt fornøyelse, eg sto ute i regnet og dømte kreativitet og smisk frå klokka 17.00 til 21.30. Vått, kaldt og kjempe kjekt! Rett før vi reiste frå Mo fekk vi beskjed om at vi hadde fått svinepesten i leiren. Vi køyrde tilbake til Breim, vi hadde infomøte og stemninga vart heller laber. Det var store avisoppslag med ein gong, og fotografar som prøvde å trenge seg inn på området. Eg gjekk tidleg til sengs og våkna opp lørdag morgon til melding om at leiren skulle avviklast!! :( Eg viste ikkje kor eg skulle gjere av meg. Eg sto i butikken og ekspederte den ca. heile dagen, det var igrunn ganske kjekt. Folk frå Sogn og Fjordane begynte å reise heim allereie laurdagen, og utover ettermiddagen og kvelden reiste fleire. Laurdagsnatta vart "siste natta". Stemninga i miljøtorget var på topp!! :D Kjempe kjekt! Iløpet av søndagen reiste dei fleste. Det var berre FInland og internasjonal att natt til mandag. Men vi laga liv for dei og vi, heile natta dansa og sang dei karaoke i miljøtorget. KLokka 08.00 vinka vi farvel til siste bussen med leirdeltakara på Breim. Vi sov eit par timar, før vi måtte opp å rydde ned og pakke sammen tidenes kortaste leir!! Mandag kveld reiste eg heim, to dagar før leiren skulle vert avslutta! 4 dagar før eg hadde tenkt meg heim :( Men, slik er det, det er ikkje noko vi kan gjere med det, vi gjorde så godt vi kunne. Vi takla da på best mulig måte tenkjer eg, og folk var nøgde med det dei fekk, og lei seg for at dei måtte reise heim! No har eg vore i karantene i tre dagar, og erklærar meg sjølv frisk no! Bildene har eg ikkje fått lagt inn på datan enda, så dei lyt vente på seg... Vi skrivast ein anna gang, og forhåpentlegvis er eg i betre humør då.. For akkurat no, er alt berre trist og leit igrunn! :( -Mariann-

Ingen kommentarer: