fredag 19. november 2010

Ein gang i halvåret?

Hallohallo!! Det ser ut som ein gang i halvåret passar meg bra.. Då blir det jo ikkje så mykje å lese heller.. :p Leander kosa seg me besta sin potetsalat! Mykje nytt som har skjedd sidan sist no og må eg seie. Eg går ikkje lenger på bachelor, den var eg ferdig med i vår! Eg fekk til og med A på bacheloroppgåva mi, som handla om Balestrand og bærekraftig reiseliv :) Svært nøgd med det vil eg seie. No har eg byrja på master. Master in international hotel and tourism management. Fortsatt her i Stavanger. Fått ein ny klasse, masse kjekke, intressante og koslege folk frå omlag heile verda. Master er hardt og vanskeleg, eg har nok tatt meg litt "vatn øve hove", men eg skal klare å komme gjennom det. Eg tenke at eg burde vel ha hatt eit friår. Det har jo gått i eit sidan barneskulen... Merkar eg er litt lei kan du sei.. Jaja.. Men det er kjekt likevel :) E berre litt mykje akkurat no; 3 heimeeksamenar på to veker!! Men då e det juleferie. Gleda meg myykje til 6. desember!! Noko anna nytt er at eg har flytta.. No bur eg på Kampen, i ein søt, liten leilegheit med Bergitte :) Vi kosa oss vi! Har laga julekalendar til kvarandre og alt.. Annakvar dag får vi kvar vår pakke, koseleg :) Eit bilde fra Rått og Råde festivalen, som va heeeeilt fantastisk!! (Karoline og Bergitte) Ellers er det skule kvar dag, jobbing kvar helg, og fest når det er tid og råd :) I Tysvær har eg ikkje fått vore på lenge :( Har ikkje tid! Men satsa på at det kan gå etter 6. desember :) Leander har blitt stor, stor gutt! No seier han bil, traktor, båt, fly, der, mamma, pappa, nanna (tante) og mykje anna rart. Han er flink til å leike, og lage dyrelydar. Han er observant, får med seg ting som skjer og er ellers stort sett blid og smilande :) Gler meg til å reise heim til jul til han! :) Godgutten!!! :D Leander og besten ordna oppvaskemasking! Viktig å hjelpe til! :) No skal eg på skulen og skrive litt vitenskapsteori, so ha ein fin dag! (Skrivast vel om eit halvt års tid ;) ) Nybada Leander på fanget til tanta:)

Ingen kommentarer: